Skip to main content Skip to secondary content (sidebar) Skip to global menu

Serviceerklæring

Service-erklæringa er utvikla som eit ledd i Høgskolen sitt arbeid med studiekvaliteten. Den konkretiserer dei mål Høgskolen har sett seg for kva den skal strebe etter ovanfor studentane - og kva Høgskolen forventar av dei som studerer her.

Erklæringa er utvikla i et samarbeid mellom Høgskolens leiing og Studentparlamentet, og er vedteke i Høgskolens styre desember 2000, etter diskusjon og behandling i Høgskolens ulike organ. Avsnitta som gjeld studentvelferd er vedteke av styret for Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS).

Service-erklæringa er eit dokument som beskrive Høgskolen sine intensjonar i samarbeidet med studentane, og er ikkje ein juridisk bindande avtale. Studentane sine juridiske rettigheiter er fastsett i lov og forskrift.

Høgskolen i Ålesund har i sin strategiplan slått fast:
Høgskolen skal vere ein anerkjent kunnskapsleverandør og samarbeidspartnar for arbeidslivet i regionen. Høgskolen skal videreutviklas som ein kultur- og kunnskapsbasert institusjon som stimulerar studentar og tilsette til reflekterte, sjølvstendige og samarbeidsorienterte personar med solid fagleg og etisk grunnlag for livslang læring. Ein slik kultur vil vere basert på kunnskapsvekst, kreativitet, tilgjengelegheit og utvikling av gode samarbeidsrelasjoner regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Høgskolens verdigrunnlag skal være basert på at:

  • Undervisninga skal ha eit fundament som er fagleg og etisk i samsvar med samfunnet sine krav, relevant forsking og eit nært og forpliktande samarbeid med studentane og praksisfeltet
  • Høgskolen skal vere tilgjengeleg for brukarane, vere fagleg i front, fleksibel og endringsdyktig. Studentane skal ta ansvar for eigen læring og påverknad av studiesituasjonen
  • Høgskolen skal utvikle eit godt studie- og arbeidsmiljø, der studentar ogtilsette trivst, har respekt for kvarandre og utviklar sin eigen kompetanse
  • Arbeidsmiljøet skal stimulere til fagleg og pedagogisk samarbeid der ein kan utnytte eit mangfald av ressursar og sjå Høgskolen som ein heilheit. Det faglege mangfald skal bidra til å skape eit innovativt miljø i næringslivet gjennom deltaking i FoU og profesjonsretta utdanning, i tillegg til etter- og videreutdanning.