Skip to main content Skip to secondary content (sidebar) Skip to global menu

Vidareutdanning i intensivsjukepleie

Studiets navn

Vidareutdanning i intensivsjukepleie

Studiets lengde

3 semester

Omfang (studiepoeng)

90 studiepoeng

Opptakskrav og rangering

Offentlig godkjenning/autorisasjon som sjukepleiar og minst to års relevant yrkespraksis etter godkjenning.

Studiets innhold og oppbygging

Studiet vil vere organisert som heiltidsstudium over tre semester. Kvart semester vil starte med ei teoriblokk med eit omfang på 6-8 veker. Deretter er studentane i praksis resten av semesteret. Praksisperiodane vil vare mellom 10-15 veker. Eksamen vil bli lagt til slutten av kvart semester.

Vurderingsformer:

Mappevurdering, skriftleg individuell heimeoppgåve over ei veke, skriftleg individuell skuleeksamen på 6 timar. I tillegg vil skriftleg avsluttande oppgåve med individuell, munnleg høyring vere ei vurderingsform i studiet.
Praksisstudia vil bli vurdert i høve til måla for praksisperioda, som stått/ikkje stått.

Internasjonalisering:

Det vert arbeidd i høve til å utvikle samarbeid med relevante utdanningsinstitusjonar i utlandet.

Praksisstudia:

Mål

Ved fullført studie har studenten

  1. Innsikt i intensivsjukepleiaren sine ansvarsområde og profesjonelle identitet
  2. Forståing for og kompetanse i å utøve intensivsjukepleie med utgangspunkt i pasienten og pårørande sine ressursar og rettar til medverknad
  3. Forståing for dei juridiske rammene for yrkesutøvinga
  4. Kunnskap om og forståing for ulike medisinske tilstandar i intensivavsnitta
  5. Kompetanse i å gi individuelt tilpassa intensivsjukepleie
  6. Kunnskap om og kompetanse til å støtte menneske i krise og sorg
  7. Kompetanse i bruk av medisinsk - teknisk utstyr
  8. Innsikt i patofysiologiske prosessar
  9. Innsikt i kroppen sine reaksjonar på traume, kirurgi og akutt sjukdom
  10. Forståing for kroppen sin syre/base og væske- og elektrolyttbalanse
  11. Innsikt i ulike former for sirkulasjons- og respirasjonssvikt
  12. Kunnskap om ulike medikament sine verknader og biverknader
  13. Kompetanse i å observere, overvake og vurdere ulike pasientgrupper og kunne sette i verk tiltak for å forebygge komplkasjonar
  14. Kompetanse i å informere, undervise og veilede pasientar, pårørande og medarbeidarar
  15. Kompetanse i å understøtte pasientar og pårørande si meistring av sjukdom og medisinsk behandling
  16. Kompetanse i å gjennomføre delegert medisinsk behandling og presist kunne rapportere endringar i sjukdomstilstand til den ansvarlege legen
  17. Kompetanse i å dokumentere arbeidet i samsvar med faglege, juridiske og etiske retningsliner
  18. Kompetanse i å samhandle med pasient og pårørande om den medisinske behandlinga
  19. Kompetanse i å handle sjølvstendig og forsvarleg i akutte situasjonar i og utanfor sjukehus
  20. Kunnskap om og forståing for pasientar og pårørande sine reaksjonar ved akutt og/eller kritisk sjukdom og død
  21. Forståing for dei etiske utfordringane og dilemma i arbeidet med kritisk sjuke
  22. Ei kritisk / analytisk haldning til fag og yrkesutøving
  23. Kompetanse i og forståing for verdien av fagleg utviklingsarbeid
  24. Innsikt i organisering, leiing og kvalitessikring av intensivavsnitta

Måla frå 1- 13 er knytt til første praksisperiode. I andre praksisperiode vil i tillegg måla frå 14-18 gjelde. I tredje praksisperiode vil også måla frå 19-24 bli inkludert.

Organisering og progresjon

I første praksisperiode blir det forventa at studenten får erfaringar med og utvikler kompetanse i intensivsjukepleie i høve til dei vanlegaste sjukdomstilstandane, behandlingsformene og pasientsituasjonane i avdelinga der studenten er i praksis. Studenten vil få tildelt ein veiledar som arbeider som spesialsjukepleiar i avdelinga. Læring vil skje i samhandling med praksisveiledar og andre erfarne intensivsjukepleiarar. Sentrale læringsmåtar vil vere ”mesterlære” og refleksjon over yrkesutøving. Praksisstudiet i første periode vil ha eit omfang på 10 veker.

I andre praksisperiode blir det forventa at studenten skal kunne ta medansvar for intensivsjukepleie ved komplekse sjukdomstilstandar og i høve til spesielle behandlingsformer og prosedyrar. Det blir også forventa at studenten skal kunne ta ansvar for å veilede pasientar og pårørande i intensivavsnittet. Informasjon og kommunikasjon med menneske i krise vil ha særleg fokus. Praksistudiet i andre periode vil ha eit omfang på 15 veker.

I tredje praksisperiode skal studenten utvikle handlingskompetanse i høve til dei fleste sjukdomstilstandane og behandlingsformene i ulike intensivavsnitt. Studenten skal i denne praksisperioden integrere ulike kunnskapsformer på ein sjølvstendig måte, og vidare syne innsikt i organisering, leiing og kvalitessikring av intensivavsnitta. Det blir også forventa at studenten syner ei kritisk/analytisk haldning til eigen yrkesutøving. Praksistudiet vil i denne perioden ha eit omfang på 11 veker, der to av desse kan vere hospiteringspraksis.

Aktive og medansvarlege studentar er eit vilkår for god læring. Det blir derfor forventa at studenten førebur seg til veiledning, gjerne med skriftleg veiledningsgrunnlag. Praksisstudia er obligatoriske. Ei veke har fem arbeidsdagar. Studenten får to studiedagar i månaden. Studiedagane skal planleggast i samarbeid med praksisveiledar.

Vurdering

Studenten vil bli vurdert i høve til måla som er fastsette for praksisperioden. Vurderinga vil skje i høve til stått/ikkje stått. Frårver over 10% medfører at praksis ikkje er bestått.

Kvalifikasjoner hos undervisingspersonalet:

Krav til undervisingspersonalet er i samsvar med Lov om universitet og høyskoler av 1. april 2005. Undervisingspersonalet har både reell og formell kompetanse innanfor dei aktuelle fagområda. Praksisveiledar skal vere spesialsjukepleiar med pedagogiske kvalifikasjonar i veiledning.

Studiets hensikt og overordnede mål

Utdanninga vil gi handlingskompetanse i å overvake, pleie og gjennomføre delegert medisinsk behandling til kritisk sjuke i ulike intensivavsnitt. Samhandling og kommunikasjon med menneske i sorg og krise vil også vere eit område der intensivsjukepleiaren skal ha særskild kompetanse. Utdanninga vil kvalifisere for å handle sjølvstendig og forsvarleg i komplekse og akutte situasjonar i og utanfor sjukehus. Tverrfagleg samarbeid er sentralt i arbeidet med kritisk sjuke. Utdanninga vil i tillegg gi kompetanse i fagleg utviklingsarbeid. Fullført studium gir grunnlag for innpass i mastergrad.

Arbeids- og undervisningsform

Det blir veksla mellom teori- og praksisstudium. Det er eit overordna mål å utdanne ansvarlege og sjølvstendige yrkesutøvarar. Dette krev studentaktive læringsformer. Arbeidsformer i teoriblokkene vil vere førelesingar, arbeid i grupper, læring i simulator, prosjektarbeid og forskingsbasert undervising. Studentane vil ta del i forskingsbaserte aktivitetar der dei deltek i systematisk undersøkande arbeid. Forskingsbasert veiledning knytt til studentane sitt arbeid med studielitteratur vil også bli vektlagt.

Kompetansen som studenten skal utvikle, kan ikkje lærast isolert frå praksis. Berre i reelle praksissituasjonar vil studentane møte utfordringar som er komplekse nok til å gi erfaringar som gir grunnlag for å utvikle handlingskompetanse i intensivsjukepleie. For at studenten skal kunne integrere teori og praksis, vil det tidleg i utdanninga bli presentert teori som gir grunnlag for handling. Dette vil til dømes vere teori for spesialsjukepleie, medisinske basisfag og medisinsk/teknisk utstyr.

Godkjent av

Høgskolen i Ålesund

Etter rammeplan

Rammeplan for videreutdanning i intensivsjukepleie frå desember 2005.

Revidert av

Marit Kvangarsnes og Ingunn Vasset

Videreutdanning Intensivsjukepleie

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
HI401207 Intensivsjukepleie Emne 1 15,00 O 15          
HI401107 Fysiologi, patofysiologi, mikrobiologi,
farmakologi og medisinsk utstyr.
15,00 O 15          
HI401407 Intensivsjukepleie Emne 2 15,00 O   15        
HI401307 Intensivmedisin 15,00 O   15        
HI401507 Intensivsjukepleie Emne 3 30,00 O     30      
Sum: 0 0 0 0 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
  Mai 2012  
ma ti on to fr
30
1
2
5
6
7
8
9
10
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
31
1
2
3