Simon Andreassen
Datastudent ved Høgskolen i Ålesund
Eg har alltid vore interessert i data, og eg bestemte meg for å studere data eit par år før eg byrja på dette studiet.
Eg valde å studere i Ålesund fordi eg hadde lyst å studere nær heimstaden min. Eg hadde ikkje lyst til å studere i ein storby, så for meg er Ålesund ein passande stor by. I tillegg er det ein fantastisk natur på Sunnmøre der eg har kort veg både til spanande fjellturar og padleturar.
Eg er litt usikker på kva eg ynskjer å arbeide med, men eg satsar på å få meg ein jobb etter at eg er ferdig med studia. Eg kan tenke meg å arbeide anten med utvikling av heimesider eller med drifting av nettverk.
