Fem sysken valde Ålesund
Silje, Ørjan, Sveinung, Børge og Håvard har alle vore eller er studentar ved Høgskolen i Ålesund.
Heile familien Gjelseth har gode minne frå Høgskolen i Ålesund, og fortel om høg kvalitet på undervisning og godt miljø både før og no!
Silje (22), Ørjan (22), Sveinung (29), Børge (32) og Håvard (36) har alle etternamn Gjelseth og er oppvaksen På Bø utanfor Fosnavåg i Herøy kommune. Ein annan ting dei har til felles er valet av studiestad, nemleg Høgskolen i Ålesund. Tvillingane Silje og Ørjan gjeng fyrste året Automasjon, ei utdanning dei deler med Børge og Håvard. Sveinung er den einaste i syskenflokken som valde ei anna retning, nærmare bestemd Bachelor i nautikk.
Arbeidar side om side
Dei tre eldste brørne har fullført sine bachelorutdanningar, og har vore innom ulike arbeidsplassar i tida etter. Sveinung har mellom anna vore på sjøen, medan Håvard og Børge har hatt stillingar i Odim og Rolls Royce. Tilfeldigheitane ville imidlertid ha det til at alle tre no er tilsett i same bedrift i Fosnavåg, MMC som er ein global utstyrsleverandør til fiskeri- og offshorenæringa.
Tilfeldig at det blei Ålesund
Håvard seier at alle syskna i tur og orden har gitt gode tilbakemeldingar til dei neste i rekka frå si tid ved Høgskolen, men Silje og Ørjan insisterar på at det er tilfeldig at dei no gjeng same vegen som dei andre. Førsteamanuensis Webjørn Rekdalsbakken har vore lærar til fire i flokken, og seier at alle har imponert han og vore gode studentar både fagleg og sosialt. Han tek gjerne i mot fleire sysken i klassane, men no er det visst ikkje fleire att.
God kvalitet på Høgskolen
Dei fem syskna Gjelseth er ikkje redde for å anbefale Høgskolen i Ålesund til andre. Sveinung trekkjer fram Høgskolen si unike plassering midt i smørauget av maritim industri. Dei to eldste seier ellers at høg kvalitet på lærarar, førelesingar og utstyr gjorde at dei kjende seg faglig inspirert gjennom heile studiet. Eit godt studentmiljø var også viktig for trivselen, og dersom det skulle bli starta opp nye masterstudium i Ålesund kjem dei sjølvsagt tilbake! Børge og Håvard meiner at Høgskolen manglar ein master i automajson/kybernetikk, og vonar at dette kjem snarast mogleg.
Bilde: Førsteamanuensis Webjørn Rekdalsbakken og 5 blad Gjelseth; Silje, Ørjan, Sveinung, Børge og Håvard.