Retningslinjer for praksisstudier i sjukepleieutdanninga
– gjeldande frå 1.08.2006
1) Ansvar for å skaffe praksisstudieplassar
Det er høgskolen sitt ansvar å skaffe praksisstudieplassar. Høgskolen i Ålesund har avtale med Helse Sunnmøre og dei fleste kommunane på Sunnmøre. Høgskolen vurderer årleg om det er aktuelt med avtale med St.Olavs hospital i Trondheim om nokre plassar der (6. semester).
2) Fordeling av studentane på praksisstudieplassane
Studentane blir fordelt på praksisstudieplassane av høgskolen, og må ta imot dei plassene dei blir tildelt.
Studentane får likevel høve til å leggje inn ønskje om praksisstudieplass i forkant. Desse ønskja blir tatt til følgje så langt som råd. Faglege/pedagogiske omsyn har prioritet framfor praktiske omsyn/ønskja til student. Tildelinga kan ikkje påklagast.
3) Særplass
Studentar kan etter eigen søknad med nødvendig dokumentasjon bli tildelt særplass om ein fyller kriteria for slik tildeling. Særplass vil seie at ein student fyller vilkåra til å få tildelt ein plass framfor andre. Det er reint unntaksvis at studentar fyller vilkåra til særplass.
4) Opplysningsplikt om relevant arbeidsforhold
Studentar kan ikkje ha praksisstudia sine på ein arbeidsplass der han/ho:
- har eller har hatt eit arbeidforhold
- har nære pårørande (foreldre, ektefelle, partnar eller barn)
5) Meirutgifter må påreknast
Praksisstudieplassane er fordelt over heile Sunnmøre. Studentane må i alle tre studieåra rekne med meirutgifter til reiser, for nokre også til hybel i praksisstudia. Nokre av desse meirutgiftene blir kompensert etter eigne retningsliner for dette. (link)
6) Endringar etter kunngjering.
Praksisstudielista blir kunngjort for studentane i god tid. Det kan bli nødvendig å gjere endringar i studentplasseringa etter at lista er kunngjort. Studentar kan bytte praksisstudieplass seg i mellom etter at det er godkjent av instituttet
