Opptak på enkeltfag
Det er mogleg å søkje om å ta enkeltfag, inntil 15 studiepoeng per semester, ved Høgskolen i Ålesund. Du kan søkje om opptak til enkeltfag dersom:
- Du ikkje er tidlegare student ved ved Høgskolen i Ålesund.
- Du er tatt opp på eit studium ved Høgskolen i Ålesund, men ønskjer å ta fag utanom dette studiet. Dersom du tidlegare har slutta på studiet og ønskjer å gjennomføre dei siste emna i grada, må du søkje om å fullføre studiet.
Du som søkjer opptak til enkeltfag er sjølv ansvarleg for å finne informasjon om timeplan og eksamensdato for emnet/emna. Informasjon om timeplan er tilgjengelig her. Timeplan for komande semester vert tilgjengeleg ved neste semesterstart.
Søknadsfristar:
- 1. august - Haustsemester
- 1. desember - Vårsemester
Søknaden må vere poststempla innan søknadsfristen. Send søknadsskjema saman med kopiar av vitnemål og attestar til Høgskolen i Ålesund:
Høgskolen i Ålesund
Opptakskontoret
Postboks 1517
6025 Ålesund
