IT-reglement
IT reglement
Gyldigheit
Desse retningslinjene gjeld for alle studentar. Retningslinjene gjeld også for alle som er tilknyta nettverket på SfS sine studentbustader.
Målsetjing
Skolen tilbyr studentane dataressursar for at dei skal kunne gjennomføre studia. Alle studentane ved skolen har rette til ein brukarkonto som gir tilgang til nødvendige ressursar.
Nettverket skal berre nyttas til faglege aktivitetar.
Brukarkonto
Ein brukarkonto er personlege og må derfor ikkje delast av fleire eller overdragast til andre.
Ein brukarkonto kan sperrast av IT-tenesta utan varsel dersom den finn det nødvendig.
Andre brukarar
Data som tilhører andre brukarar skal oppfattast som den private eigedommen deira. Tilgang skal derfor berre skje dersom det er avtalt med eigaren, eller det på annan måte er klart at data er gjorde tilgjengeleg for alle.
PC-romma
PC-romma (og andre EDB-rom) er arbeidsrom der det skal vere mogeleg å konsentrere seg om faglege aktivitetar. På romma er det derfor ikkje tillate å:
- Ete eller drikke
- Gjere endringar i oppsett på PCane
- Installere programvare på maskinar utan å ha godkjenning frå IT-tenesta
Ver oppmerksam på at dei største PC-romma og lokala er overvakte med video.
PC-romma kan nyttast av skolen sine studentar når dei ikkje blir nytta til undervisning eller er reserverte til andre formål.
Ressursbruk
Maskin-, lagrings-, og nettverks-kapasiteten til skolen er avgrensa, og den skal fordelast best mogeleg på alle brukarane. Ved overforbruk kan IT-tenesta av driftsomsyn slette data eller stoppe tilgang utan å forspørje den enkelte. Dataressursane skal nyttast til fagleg utvikling, og andre aktivitetar må ikkje stå i vegen for dette. Bruk av utstyr og nettverk til kommersielle formål er ikkje tillate.
Servere
Det er ikkje tillate å setje opp serverar på nettverket til skolen utan godkjenning frå IT-leiar.
Elektronisk post
Alle studentar ved skolen har tilgang til eigen elektronisk postkasse. Elektronisk post må ikkje sendast til tilfeldige mottakarar eller til adresselister ein ikkje er autorisert til å bruke.
Opphavsrett til film, musikk og liknande
Alle pliktar å undersøkje om det han/ho gjer tilgjengeleg på nettet er verna verk. Dersom ein finn at verket er verna, pliktar ein å innhente dei nødvendige løyva. Ein er personleg ansvarleg for dei krava av rettsleg og økonomisk art som rettshavarar måtte fremje ved bruk utan løyve. IT-tenesta kan utan varsel på førehand stoppe tilgang til nettverket dersom det er rimelig grunn til mistanke om at dette skjer.
Kommersiell programvare
Det er ikkje tillate å laste ned eller nytte kommersiell programvare utan løyve frå leverandøren.
Privat PC - antivirus og oppdatering
Dersom ein privat PC blir tilkopla nettverket, skal den ha programvare mot virus. Signaturfilene skal til ei kvar tid ikkje vere eldre enn 10 dagar. Vidare skal programvaren (t.d. Windows eller Linux) til ei kvar tid være oppdatert med dei siste sikkerheitsoppdateringane.
Portscanning og liknande
Portscanning er ikkje tillate. Forsøk på å "bryte seg inn" på ein datamaskin der du ikkje er gitt rettigheitar vil medføre sanksjoner.
Nettverk mot verda utanfor
Bruk nettet med varsemd. Sørg for at nettet ikkje blir brukt på ein slik måte at det slår tilbake på deg eller skolen. Uvettig bruk kan medføre at tenester o.l. mot nettet blir avstengt.
Personopplysningar i aktivitetslogger i edb-system og datanett
Personopplysningsforskrifta (POF) §2-16 pålegg skolen å lagre informasjon om autorisert bruk av informasjonssystema og forsøk på uautorisert bruk i 3 månader. Hensikta med å lagre desse personopplysningane (POF §2-14 og §7-11) er å administrere systema og å avdekke/oppklare brot på sikkerheita i edb-systema. Ei personopplysning er definert som: ”opplysningar og vurderingar som kan knyttes til en enkeltperson”
EKomloven (§2-7) pålegg også skolen å ”gjennomføre nødvendige sikkerhetstiltak til vern av kommunikasjon i egne elektroniske kommunikasjonsnett og -tjenester.”
Opplysningane vil ikkje vil bli brukt til andre formål enn det som fremgår av Personopplysningsforskrifta §2-16 tredje ledd og kun være tilgjengelig for de personer som er ansvarlige for driften av systemet og sikkerheten knyttet til drift av systemet.
Brott på retningslinjene
Brott på desse retningslinjene kan medføre at studentar blir utestengde frå dataanlegget til skolen. Skolen reserverer seg retten til å kontrollere, innspisere, endre eller fjerne datafiler eller systemressursar som undergrev autorisert bruk av datautstyret. Forsøk på å hindre systemansvarleg sin tilgang til systemressursar er det same som uautorisert bruk. Skolen fråskriv seg ansvar for alle tap som oppstår som et resultat av arbeidet med å bevare systemintegriteten. Alvorlege brot og misbruk vert melde til politiet. Dette gjelda også brot som påfører skolen økonomiske tap eller ansvar.
Andre gjeldande retningslinjer
- UNINETT notat
- UNINETT etisk retningslinjer
- UNINETT akseptabel bruk
- Datatilsynet
- Lovdata
- Personopplysningsloven
- Personopplysningsforskriften
- Lov om opphavsrett til åndsverk m.v.
- Lov om elektronisk signatur
- Forvaltningsloven (§13, taushetsplikt)
- Lov om offentligheit forvaltninga
- Arkivlova
- KOPINOR
Konklusjon
Bruk fornuft. Ein god regel er at ikkje alt som er mogeleg er lov. Dersom du er i tvil om bruken din er i samsvar med reglane og med god skikk og bruk, bør du kontakte IT-tenesta
