Skip to main content Skip to secondary content (sidebar) Skip to global menu
 

Om Høgskolen

Høgskolen i Ålesund har om lag 2000 studentar og 200 tilsette. Høgskolen er eit sentralt kompetansemiljø i regionen og held til 4 km fra Ålesund sentrum.

Høgskolen består av fem fagavdelingar med eit breitt spekter av utdanningar på bachelor- og masternivå, i tillegg til vidareutdanningar og kurs.

Fagavdelingane ved Høgskolen i Ålesund:

Fagleg profil

Høgskolen har ei viktig rolle som leverandør av kompetanse i regionen, og mange utdanningar har eit nært samarbeid med næringslivet. Utdanningane skal bidra til å dekke behovet for fagfolk med høgare utdanning i eigen region og nasjonalt. Høgskolen legg vinn på å utvikle seg i takt med behov i samfunnet og å møte behov for innovasjon og nyskaping. Høgskolen i Ålesund skal vere mellom dei fremste i landet på sine fagområde. Sjå utdanningstilbodet.

Om Ålesund

Ålesund er ein by med ca. 40.000 innbyggarar, og ligg vakkert plassert mellom fjord og fjell i nærleik til fleire av Noregs mest kjende natur- og kulturattraksjonar. Byen og regionen har eit rikt og variert næringsliv, som pregast av ei utstrekt og globalt retta eksportverksemd, særleg innanfor områda fisk, skipsbygging og møbelproduksjon. Ålesund pregast også av den unike jugendarkitekturen som kjenneteiknar byens sentrum. Meir informasjon om Ålesund og regionen finn du på www.visitalesund.com

  Februar 2012  
ma ti on to fr
30
31
2
4
5
6
9
10
11
12
13
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
29
1
2
3
4

Aktuelt