SB Shine
Studentbedrifta Shine har utvikla eit glassblåsarinstrument. Foto: Privat
Studentbedrifta SB Shine har motteke støtte frå Fylket til å få lage ein prototyp av eit glassblåsarinstrument. Studenbedrifta består av Marthe Haraldstad, Birgitte Lorgen Øvrelid, Kjetil Nyvoll, Per Gunnar Hauge og Eirik Lunde frå bachelorutdanning i Produktutvikling og Design.
Studentbedrifta lager spesialtilpassa løysingar av blåsekabinett for den maritime marknaden.
Dei legg stor vekt på at kunden skal kunne bruke eksisterande utstyr som er ombord, saman med blåsekabinettet. Kunden skal såleis få reduserte kostnader og miljøet vert spara. Studentbedrifta har som overordna mål å dekke størsteparten av den norske offshoreflåten, og samtidig vere ein framståande leverandør på dette området.
Prototypen til SB Shine blei utvikla med hjelp av midlar frå Regional og Næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylke.
