Skip to main content Skip to secondary content (sidebar) Skip to global menu
 
Du har alle muligheter!

Forskingsstrategi

Forskings- og utviklingsarbeid er ein av Høgskolens tre hovudaktivitetar og skal være forankra i regionalt arbeids- og samfunnsliv på Sunnmøre. Det skal vere relevant og framtidsretta i forhold til det som arbeidslivet etterspør innan dei fagområda som blir undervist ved Høgskolen.

Målsetting for forskinga

Høgskolen i Ålesund skal vidareutvikle eit aktivt forskings- og utviklingsmiljø i samarbeid med aktuelle bedrifter, andre høgskolar og forskingsinstitusjonar med basis i arbeids- og samfunnslivet i regionen. Høgskolen i Ålesund har desse delmåla:

  • Utvikle ein intern organisasjonsstruktur som er innrette mot etablering av ei ekstern finansiert portefølje av FOU prosjekt som utgjer minst 10% av høgskolens samla inntekter i planperioden
  • Utvikle FOU-program på minst 4 sentrale område der ein også kan tilby mastergrader. FOU områda skal ha nær relevans til og bygge på eit samarbeid med arbeidslivet i regionen
  • Ha tilsett minst ein professor i full stilling ved kvart institutt som skal ha eit overordna ansvar for utvikling av Forsknings- og utviklingsarbeid-kompetansen og Forsknings- og utviklingsarbeid-aktiviteten ved institutta
  • Alle fagmiljøa skal ha ein årleg handlingsplan for forskings- og utviklingsarbeid som skal koordinerast i ein handlingsplan for heile høgskolen på området

Forskinga ved Høgskolen i Ålesund følgjer dei retningslinjer som er utarbeida av dei tre nasjonale forskingetiske komitear.

  Februar 2012  
ma ti on to fr
30
31
2
4
5
6
9
10
11
12
13
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
29
1
2
3
4

Aktuelt