Skip to main content Skip to secondary content (sidebar) Skip to global menu
 

Statsbesøk til Høgskolen i Ålesund

Statsbesøk til Høgskolen i Ålesund

Hans majestet Kong Harald og den litauiske presidenten vitjar Høgskolen i Ålesund 6. april.

Ålesund og Sula er vertskap for eit statsbesøk som har fokus på den maritime næringa og høgskolemiljøet. President Dalia Grybauskaité - ledsaga av H.M. Kongen – vitjar ålesundsdistriktet med mellom anna besøk til verftet Fiskerstrand BLRT i Sula kommune. Programmet omfattar også byvandring og avsluttast med et besøk til Høgskolen i Ålesund. Ved besøket på høgskulen vil statsråd Tora Aasland være til stede.

- Første del av programmet skjer ute i vrimlearealet, og det er svært ønskeleg at flest mulig av studentar og tilsette møter opp, seier rektor Geirmund Oltedal ved Høgskolen i Ålesund.

Her vil det bli eit program på ca. 20 minutt, med tale/helsing av rektor og sang av damekoret Siréne. Sidan blir statsoverhoda med følge tatt med til skipsmanøversimulatorane, og ei omvising der. Dei nøyaktige klokkesletta for besøket er førebels ikkje klare.

  Mai 2012  
ma ti on to fr
30
1
2
5
6
7
8
9
10
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
31
1
2
3