Skip to main content Skip to secondary content (sidebar) Skip to global menu
 

Sjølvbetening på biblioteket

Astrid Engelsen framfor utlånsautomaten

Astrid Engelsen demonstrerer bruk av utlånsautomaten. Hugs studentkort!

Biblioteket på Høgskolen har fått seg automat! Her kan du låne og levere bøker sjølv, utan å måtte gå vegen om skranken.

Ein ny utlånsautomat er på plass i biblioteket. Hovudbibliotekar Astrid Engelsen er nøgd med det nye tilbodet, og vonar at studentane vil merke mindre kø i skranken.

Ta med studentkort!

Dei som skal låne må hugse å ta med studentkortet, seier Engelsen. Med studentkortet er det berre å registrere boka og ta ho med. Normal utlånstid er 4 veker, og returen kan også registrerast på automaten.

Låne bøker til vinterferien

Engelsen oppmodar alle til å teste ut den nye utlånsautomaten, og seier at biblioteket har mykje skjønnlitteratur å freiste med til vinterferien. Velkommen som lånarar!

DSC_0273
  Mai 2012  
ma ti on to fr
30
1
2
5
6
7
8
9
10
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
31
1
2
3