Sjå skipstrafikken i 3D
Robin Trulssen Bye frå Virtuelle Møre.
Forskarane ved Høgskolen lar deg sveve over vatnet rundt Ålesund og følge skipstrafikken, omtrent som i eit dataspill. Prøv frå din eiga stue!
Virtuelle Møre er ei eining ved Høgskolen i Ålesund, som arbeider med avansert simulering og visualisering i 3D. Akkurat no nyttar dei landskapet på Møre som si ”leikegrind” for å utvikle verktøy for forsking, opplæring, produktutvikling og samfunnsplanlegging.
Eitt av resultata er eit unikt verktøy som er under utprøving: Ved å besøke bloggen til Virtuelle Møre, og laste ned eit tillegg til din webleser, kan du no sjå skipstrafikken rundt Ålesund hamn – i sanntid og i 3D! Ved å klikke på modellane av båtane får du opp informasjon om kvart skip, som last, namn og tonnasje. Informasjonen om skipa kjem frå AIS-data frå Kystverket.
- Så vidt eg veit finst det ikkje noko liknande nokon stad, seier forskar Robin Trulssen Bye frå Virtuelle Møre, som har vore med på utviklinga.
Verktøyet er framleis i eit svært tidleg stadium av utviklinga, og er ikkje hundre prosent feilfritt. Men det kjem til å nyttast til opplæring, og blir vidareutvikla av studentar og andre som øver på 3D-modellering og visualisering. Førebels dekkjer det eit område på om lag 15 x 15 kilometer, der ein kan bevege seg fritt ved hjelp av tastatur og mus, på same vis som mange kjenner frå dataspel i første person.
I bloggen finn du instruksjonar for å prøve verktøyet. Virtuelle Møre har og ei offisiell heimeside.
