Pugging i sommarferien
Jan Gunnar Moe undervisar studentane. Foto: Sunnmørspsoten
I fleire år har Høgskolen hatt eit sommartilbud til studentar som vil ta snarvegen inn på ingeniørstudiet. Antal studentar har fått ein betydeleg oppgang sidan i fjor, skriv Sunnmørsposten og NRK.
Sunnmørsposten skriv 13.juli, og NRK 14 juli, om dei målretta studentane som brukar sommarferien til 10 veker med intensiv matematikk. Her skal pensum frå vidaregåande lærast i rekordfart. - Vi kjører over fartsgrensa i sommer, seier høgskolelektor Jan Gunnar Moe til Sunnmørsposten.
I staden for ettårig forkurs eller andre tidkrevjande løysingar, kan studentar som ikkje fyller opptakskravet ta dei obligatoriske matematikkfaga om sommaren. Om dei klarar eksamen kan dei begynne på det treårige ingeniørstudiet i august.
