Populært å bli kaptein
Nautikk har i fleire år skilt seg ut som den utdanninga med aller høgast poenggrenser. Dette er tilfellet også i 2012, sjølv om andre utdanningar blir stadig meir populære.
Høgskolen har eit imponerande simulatorsenter, og eit nært samarbeid med maritim industri. God medieomtale har nok også innverknad på kor interessante vi blir for nye søkjarar, trur høgskolelektor Harald Eide.
Mange om beinet
Kaptein er eit spennande og spesielt yrke. Høgskolen har berre 40 studieplassar, så det er svært mange om beinet her. Det er ikkje rart det blir høge poenggrenser og vanskeleg å komme inn.
For å bli kaptein må du i tillegg til utdanninga på Høgskolen få fartstid til sjøs. Dersom vi fekk signal frå næringa om at dei garanterte fleire kadettplassar, ville vi med ein gong opne fleire studieplassar, seier Eide. Det er kjekt at nautikkutdanninga er ettertrakta, men det gjer vondt å avvise gode, engasjerte kandidatar. Vi har også vore bevisste på å ikkje marknadsføre utdanninga utanfor Noregs grenser, då konkurransen om dei 40 plassane er meir enn stor nok.
Shipping også populært
Også andre maritime utdanningar, som årsstudiet i Shippingledelse og Shipping og logistikk, er blant Høgskolens mest ettertrakta studium.
