Skip to main content Skip to secondary content (sidebar) Skip to global menu
 

Millionpott til studentgründarar

Millionpott til studentgründarar

Dagleg leiar Martin Farstad i studentbedrifta Bananas Clothing har rigga baren klar til dagens fylkesmesse for studentbedrifter under Gründerdagen.

Studentbedrifter med visjonar kan glede seg over millionsatsing frå Kommunal- og regionaldepartementet. Dei var det mange av på Gründerdagen ved Høgskolen i Ålesund.

Det skapande miljøet blant studentane ved Høgskolen i Ålesund er livskraftig, noko som tydeleg speglast i resultata frå dei siste NM og EM for studentbedrifter. Her har HiÅ-studentane nærast gjort reint bord.

Her kan du sjå video frå Gründerdagen, der dei 13 studentbedriftene presenterer seg.

I forkant av Gründerdagen og fylkesmessa for studentbedrifter, vart det og klart at Kommunal- og regionaldepartementet har bevilga 13 millioner kroner til innovasjon og entreprenørskap i universitets- og høgskolesektoren.

Med desse midlane vil regjeringa stimulere studentane til etablering av nye kompetanseverksemder i alle deler av landet, heiter det i ei pressemelding frå KRD.

- Studentar er viktige for vekst og verdiskaping i framtida. Høgskular og universitet blir derfor viktige samarbeidsaktørar i arbeidet med å utvikle eit nyskapande arbeids- og næringsliv, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Det er utdanningsinstitusjonar i distrikta og i små og mellomstore byar som kan søke.

Gründerdagen er eit arrangement som sett fokus på nettopp nytenking, nyskaping og verdiskaping. I år kjem gründarar frå fleire bransjer og bedrifter, mellom andre OneCall, MTB Shoes, og blogg-gründer Thomas Moen. Det er det studentdrevne Næringslivsutvalget (NLU) som arrangerar dagen i samarbeid med høgskolen. I tillegg er Ungt Entreprenørskap med og arrangerer fylkesmessa for studentbedrifter. Alt foregår i vrimlearealet på høgskolen.

Her kan du sjå dei 13 studentbedriftene introdusere seg:

PROGRAM, 4. mars 2010

10.00 – Åpning av Gründerdagen 2010 og Fylkesmessen for studentbedrifter - Scenen

FOREDRAG:

10.15 - To minutter til å overbevise (Fylkesmessen) - Fogdegården

10.15 - Oppstartsbedrifter rundt Harøy og IP-Huse, ved Inge Huse - Åse

11.30 – One Call – å starte en suksessfull bedrift, ved Øistein Eriksen - Fogdegården

12.30 – Pause, underholdning, konkurranser og premieutdeling - Scenen

13.15 – ”Om det å være gründer, og sosiale medier”, ved Thomas Moen - Fogdegården

13.15 – MTB Shoes – merkevare- og omdømmebygging, ved Carl Reidar Solvang - Brosundet

14.30 – “Karrierevalgets kvaler”, ved Christer Torjussen - Fogdegården

15.00 – Avslutning med premieutdeling - Scene

  Februar 2012  
ma ti on to fr
30
31
2
4
5
6
9
10
11
12
13
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
29
1
2
3
4