Skip to main content Skip to secondary content (sidebar) Skip to global menu
 

Marine studier møter behov

Portrettbilde av Havnegjerde

Dekan Tove Havnegjerde

Ei undersøking viser at den marine næringa har eit veksande kompetansebehov. Bedriftane vil ha folk med praktisk kompetanse og høg utdanning, og studia ved Høgskolen kjem desse behova i møte.

I følgje ei undersøking gjort av Møreforsking Volda har om lag halvparten av bedriftene innan marine næringar på Sunnmøre eit stort eller middels behov for å rekruttere folk med høgskoleutdanning.

Forskar Finn Ove Båtevik seier til Sunnmørsposten 14.06. at marine næringar har eit veksande kompetansebehov der ein er ute etter arbeidskraft med meir høgare utdanning enn tidlegare. Bedriftene stiller store krav fordi dei vil ha folk med både praktisk kompetanse og høg utdanning. I følgje Båtevik slit dei fleste bedriftene med å rekruttere folk med høg kompetanse.

Det satsas på marine fag

Ved Høgskolen i Ålesund satsas det på marine fag, og fleire av studia har ei blanding av praksis og teori som kjem behova frå næringa i møte. Dekan ved Avdeling for biologiske fag, Tove Havnegjerde, fortel at Høgskolen ser på marin utdanning som viktig for næringslivet.

- Vi har eit godt samarbeid med fleire aktørar, men vi ønskjer gjerne fleire møteplassar med det regionale næringslivet for at bedriftane skal kunne formidle sitt behov for kompetanse til Høgskolen på ein enda betre måte.

Søkjartala auker

Vidare uttalar Båtevik til Sunnmørsposten at marine fag ved Høgskolen i Ålesund har færre søkjarar en tidlegare, noko som er med på å skape problem for rekrutteringa til bedriftane. I følgje Havnegjerde stemmer ikkje denne utsegna med årets søkjartal.

- Det er rett at marine studie har hatt lave søkjartal i fleire år, men trenden over heile landet er at desse tala auker. Dette er også tilfellet her i Ålesund.

I fjor oppretta Høgskolen i Ålesund to nye studie, biomarin innovasjon og bioteknologi. Tal frå Samordna opptak viser at desse studia har ført til ei positiv auke i søkjarar til det marine fagområdet. Havnegjerde legg til at dei fleste studentane får seg jobb raskt etter endt utdanning, så bedriftar bør komme tidleg på bana for å knyte til seg potensielle nye medarbeidarar. Mange studenter vert for eksempel tilsett i bedrifta kor dei hadde si praksisperiode.