Høgskolefusjon er einaste løysing
Høgskolane i fylket blir framtidas taparar om dei ikkje arbeider mot ei samanslåing, meiner rektor Geirmund Oltedal ved Høgskolen i Ålesund.
MøreAlliansen er eit prosjekt som ser på moglege samarbeidsformer for dei tre høgskolane i fylket. Nyleg kom rapporten frå forprosjektet, som konkluderer med at det finst eit fagleg grunnlag for samarbeid. Men det er framleis usemje i arbeidsgruppa om korleis dette skal formaliserast – om det skal skje ved eit lausare samarbeid, eller ei full samanslåing.
Rektor Geirmund Oltedal ved Høgskolen i Ålesund fryktar no at prosessen skal renne ut i sanda, og er ikkje i tvil: Det vil vere uansvarleg av høgskolane å ikkje arbeide mot ein fusjon.
Ikkje attraktive nok
Han viser til Universitets- og høgskolelova, som slår fast kva som er samfunnsoppgavene til den høgare utdanninga og forskninga i Norge. Her står det mellom anna at høgskolane skal bidra til innovasjon og verdiskaping, og tilby utdanning som er basert på det fremste innan forskning.
- Denne oppgåva vil vi ikkje greie kvar for oss, på en måte som er god nok for regionen i framtida. Trenden er at norske høgskolar anten går for samanslåing frivillig, eller får det som diktat frå statleg hald. Mot desse større einingane og universiteta vil dei tre høgskolane i nordvest tape kampen om studentane og dei flinkaste fagtilsette, seier Oltedal, som trur det vil finnast svært få eller ingen høgskolar igjen i Norge om fem år.
Sviktar regionen
Oltedal fryktar at høgskolane ikkje vil vere i stand til å tilfredsstille kunnskapsbehovet på nordvestlandet, korkje innan kunnskapsbasert industri, tenester, helse eller velferdstilbod.
- Dei tre høgskolane må lage ein forpliktande allianseavtale, som startar med eit større fagleg samarbeid og endar i samanslåing. Det må settast ein konkret dato for når vi har ei kraftig, samla eining med universitetskvalitet på utdanningane. Elles sviktar vi vårt samfunnsoppdrag, seier Oltedal.
