Bli mentor til hausten
ENT3R treng fleire engasjerte mentorar!
ENT3R på Høgskolen i Ålesund treng fleire matematikkmentorar til neste år. Er du studet ved AMO eller AIR, ta kontakt! Arbeidet er betalt.
MENTOR?
Mentoren si oppgåve er å skape begeistring og meistring innan realfag! Du må vere godt motivert og ha god fagleg tyngde.
- Kvar mentorgruppe har matematikktrening og realfagsopplegg for elevar i 10.klasse på ungdomstrinnet og/eller 1.klasse på vidaregåande nivå.
- 2 timar på ettermiddag/kveld i høgskolen sine lokale kvar veke.
- Mentoren får betalt for 3 timar pr. mattetrening, der 1 time er sett av til førebuing.
- Mentorar jobbar i par med ansvar for 20 elevar til saman.
Spennande? Sjekk opp meir info på www.ent3r.no
KURS/ ATTESTAR
Mentorkurs vil bli gjennomført og er basert på tre hovudområde:
- Fag og fagdidaktikk
- MNT-fag i eit samfunnsperspektiv
- Kommunikasjon med ungdom
Attest: Etter 2 fullførte mentorkurs og 1 års arbeid som mentor vil ein kunne bli tildelt attest sertifisert av Kunnskapsdepartementet, NHO, Renatesenteret, TEKNA, NITO, Matematikksenteret og ENT3R ved Høgskolen i Ålesund.
OPPLEGG?
Mentorar blir oppmoda til å lage opplegg for sine grupper.
Vi har også felles oppleggsdatabase i ENT3R.
Enkle fysikkforsøk som oppskyting av vassrakettar, eller skyting med luftgevær på pendel for å teste kinetisk energi i forhold til potensiell energi. Kanskje kan DU inspirere ved å vise at realfag kan vere gøy?
JOBBE som ENT3R-mentor? :
- Skriv ein kort tekst om kvifor du er motivert for oppgåva og kvifor du burde få jobben.
- Legg ved karakterar frå både høgskole og tidlegare utdanning + CV.
- Frist: Fredag 25. mai 2012.
Send dette på e-post til:
Høgskolelektor i matematikk ved Høgskolen i Ålesund, Arnhild Lunde : al@hials.no og
Prosjektleiar i ENT3R, Høgskolen i Ålesund, Espen T. Reitehaug : ent3r@hials.no
