Parkering
Bilparkering
Det er tillate å parkere på avsatte plassar på Høgskolen sitt område, etter følgande anvisingar:
Studentar
- På sørsida av Borgundvegen via Sørnes (krysset)
- Parkeringsbevis til studentar delast ut av studentpalamentet kvar dag mellom 10.00 og 15.00. Studentparlamentet har kontor i 1. etasje ved sida av Studentsamskipnaden.
NB! Dagens bestemmelsar for studentparkering vil etter kvart bli endra mellom anna som følge av at det skal byggast nye studentboligar på noko av dagens parkeringsareal.
Funksjonshemma
- Ved hovudinngangen
Tilsette og besøkande
- Øst for hovudinngangen
- Ved inngang nord
Parkeringsreglement
- På alle parkeringsområda, med unntak fra studentane sin parkeringsplass, er det soneparkering. For å parkere innanfor oppmerka sone, må du ha parkeringsbevis. Besøkande får dette ved henvending i Ekspedisjonen ved hovudinngangen. For tilsette bestillast dette med Ålesund Parkering av Personalavdelingen, mot eit depositum på kr 500,- Sonereguleringa gjeld ikkje på laurdagar, søndager og helligdager. Ei heller på kvardager etter kl 16.00.
- All parkering innanfor Høgskolens område skjer på bilføraren sitt eige ansvar. Høgskolen kan ikkje belastas for skade som blir påført bilar som brukar Høgskolens parkeringsplassar.
- Det er ikkje tillate å parkere utanom dei oppmerka plassane eller i strid med oppsette skilt. Adkomst for vareleveranse ved alle inngangar skal vere sikra. Etter pålegg frå Brannvesenet må ei rask evakuering av parkeringsplassane vere gjennomførbar.
- Innkjøringa på sørsida til laboratoria er reservert for transport av materiell. Det er forbode å parkere her.
- Vi gjer merksam på at feilparkerte kjøretøy vil bli taua vekk for eigars rekning.
Sykkelparkering
Det er sett av to område for parkering av syklar og motorsyklar:
- Ved hovudinngangen
- Ved inngang nord (Stengd på grunn av arbeid med bygninga.)
