Skip to main content Skip to secondary content (sidebar) Skip to global menu
 

Stor interesse for marine oljer

Gruppebilde av kursdeltagerne i Høgskolens vrimleareal.

Deltakerane til kurs i marine lipidar er samla på Høgskolen.

Høgskolen arangerar kurs om marine oljer for fyrste gong, og responsen har vært over all forventning. Fyrste samling var i februar.

Kurs i marine lipidar arrangeras for fyrste gong på Høgskolen i Ålesund, i samarbeid med Omegaland med støtte frå Fylkeskommuna og Forskingsrådet.

Kjende førelesarar frå fagfeltet

Responsen frå næringslivet i regionen har vore formidabel, seier høgskolelektorane Ragnhild Nilsen og Kristin Bjørdal frå Avdeling for biologiske fag. Eit slikt kurs har lenge vore etterspurd, og Høgskolen har måtta heva taket for antall deltakarar etter at påmeldingane har strømma inn. Mange kjende kapasitetar innan fagområdet blir innleid som førelesarar, noko Bjørdal og Nilsen meiner kan ha bidrage til den gode responsen. Kurset går over eitt år med fem samlingar, der kvar samling tar føre seg nye tema med nye førelesarar. I februar blei dei fyrste førelesingane heldt, og professor Ragnar L. Olsen frå Universitet i Tromsø tok føre seg tema lipidkjemi og biokjemi.

Marine oljer - ikkje berre tran

Marine lipidar, eller oljer, vil seie fettstoff frå levande organismar i havet, som fisk og alger. Før var marine oljer synonymt med tran, men no utviklast mange andre produkt som blant anna går til medisinske formål, kosttilskot og dyrefor. Dette har ført til betre utnytting av marine biprodukt.

Ulik bakgrunn blant deltakarane

Deltakarane på kurset er i hovudsak tilsette i lokalt næringsliv som jobbar med marine lipidar, men både mattilsynet og administrativt tilsette er representert. Desse er ute etter teoretisk kunnskap, nokre i forhald til kva som skjer i næringslivet, medan andre vil vite meir om testing og kvalitetskontrollar av produkt.

I kurset får ein kunnskap om marin lipidkjemi, oversikt over ressursgrunnlaget i havet og korleis miljøgiftar følgjer råstoffet. Vidare er prosesseringsmetodar og effekt av ulike faktorar på kvaliteta til oljene sentralt i kurset. Oversikt over aktuelt lovverk og marine lipidar si helseeffekt er også viktige læringsmål.¨

Se kursbeskrivelse.

marine_lipider2
  Mai 2012  
ma ti on to fr
30
1
2
5
6
7
8
9
10
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
1
2
3