Skip to main content Skip to secondary content (sidebar) Skip to global menu
 

Samarbeid med Det Norske Veritas

Illustrasjonsbilde av skip

Samarbeidet inneheld ei gjensidig forplikting til å utvikle lokal kompetanse til nytte for den maritime næringa på Møre

Høgskolen i Ålesund signerte 16. januar ein samarbeidsavtale med Det Norske Veritas.

Etablere fagmiljø på Møre

Som eit resultat av intensjonsavtalen som blei inngått i juni 2011 mellom NTNU, SINTEF, Marintek, Møreforsking og Det Norske Veritas (DNV), signerte Høgskolen 16. januar ein samarbeidsavtale med DNV.

Høgskolen i Ålesund og DNV har inngått ein samarbeidsavtale om å etablere eit fagmiljø på Møre som skal vere verdsleiande innan risiko- og kompetansestyring av avanserte marine operasjonar og menneskelig faktor. Samarbeidsavtalen omfattar aktivitetar innan forsking og utvikling, tenester og innovasjon og skal i størst mogleg grad utførast i tett samarbeid med den maritime industrien på Møre:

  • Joint Industry Projects
  • Utvikling av regler og tenester
  • Innovasjon- konsept- og teknologiutvikling
  • Testing og trening v.h.a. skipssimulator og menneskelig faktor laboratorium

Sentralt i samarbeidet ligg det ei gjensidig forplikting mellom Høgskolen i Ålesund og DNV til å utvikle lokal kompetanse innan fagområder til nytte for den maritime næringa på Møre; Høgskolen i si rolle som utdanningsinstitusjon og DNV i si rolle som arbeidsgjevar.

Maritim utdanning og forsking

Denne avtalen, og dei nylig inngåtte samarbeidsavtalene med NTNU om student- og lærarutveksling på masternivå, og SINTEF/NTNU vedrørande forskingssamarbeid, legg til rette for godt framtidig samarbeid om maritim utdanning og forsking, i følge rektor Marianne Synnes.

  Februar 2012  
ma ti on to fr
30
31
2
4
5
6
9
10
11
12
13
15
16
18
19
20
21
22
23
24
25
26
29
1
2
3
4